Terje Torkildsen er tildelt UPrisen for ungdomsromanen «Marki Marco». 220 niandeklassingar frå heile landet meinte debutboka til Torkildsen var den beste ungdomsboka i fjor.
Ungdomsjuryen seier sjølv at: «Det vi ungdom ser etter i en god bok er spenning, godt språk, innlevelse, uforutsigbare hendelser, gode spenningskurver, originalitet og at boka omhandler ungdom. Vinnerboka inneholdt alle disse punktene.»
UPrisen er eit samarbeid mellom Litteraturfestivalen på Lillehammer og Foreningen !les, og har som formål å løfte fram ungdomslitteraturen og ungdom som kvalifiserte lesarar. Det er tredje året prisen vert delt ut og det er andre året ein ungdomsroman på nynorsk vinn prisen.
– Dette fortel oss at ungdom i større grad enn vi trur vurderer leseopplevinga uavhengig av målføre, seier dagleg leiar i Foreningen !les, Ketil Kolstad.
Terje Torkildsen (f. 1971) arbeider som komikar og skodespelar, og bur i Stavanger. Torkildsen kjem med ny bok til hausten, «Dystopia I», som er første boka i firebokserien «DYSTOPIA 2014».
Stikkord: litteraturpriser, ungdomsbøker








