«Himmelspringaren» av Sissel Horndal er tildelt Nynorsk barnelitteraturpris 2008.
«Himmelspringaren» av Sissel Horndal er tildelt Nynorsk barnelitteraturpris 2008.
Juryen seier bl.a. dette om boka: «Historia om lammet Lilla og Rakkarhågsauane er på mange måter ei klassisk forteljing om mot og venskap, men dei vakre illustrasjonane og det forfriskande språket er av det slaget som er med på å halde biletboksjangaren høgst levande blant små og store. Juryen ønskjer i denne samanhangen òg å løfta fram forlaget Mangschou som dei seinare åra har gledd oss med ei rad gjennomarbeidde og vakre kvalitetsutgjevingar for barn.»
På ein gard, langt inne i ein fjord, blir det ein dag fødd eit lilla lam. Dei andre sauene vil ikkje ha noko med lammet å gjere. Sjølv mora vender seg bort. Når dei andre dreg til fjells, må Lilla bli att heime saman med Gammelsauen. Men utpå sommaren får Gammelsauen likevel dra til fjells, kan hende for aller siste gong. Og Lilla får bli med…
Sissel Horndal kjem frå Mørsvikbotn i Nordland.








