Regjeringa vurderer boklov

mandag 1. august 2011, kl 0831

Kulturminister Anniken Huitfeldt tar grep etter vårens debatt om boklov. Bestiller utgreiing som skal vere klar før nyttår.

I pressemeldinga frå Kulturdepartementet heiter det at “Det skal gjennomførast ei uavhengig, fagleg utgreiing om i kva grad dagens litteraturpolitiske verkemiddel er eigna for å fremje kvalitet, breidde og variasjon i tilbodet av norsk skjønn- og faglitteratur både med omsyn til innhald og sjanger.”

Utgreiinga skal mellom anna vurdere korleis ulike fastprisordningar, til dømes gjennom ei eiga boklov eller gjennom konkurranselova, vil kunne påverke prisane og utvalet av litteratur til forbrukarane.

Maksimalramma for oppdraget er på 950.000 kroner. Frist for å kome med tilbod til utgreiingsarbeidet er sett til 30. august 2011.

Arbeidsstart er 20. september 2011, og arbeidet skal ifølgje departementet vere ferdig innan 31. desember 2011.

Tilfeldige saker

Del denne artikkelen på:

Skriv en kommentar