Cappelen Damms forlagsagentur Cappelen Damm Agency opplevde eit rekordår i 2010.
Til saman selte agenturet 355 rettar, som er ein auke på 100 rettar frå året før, melder forlaget på heimesidene.
Veksten kom i særleg grad på barne- og ungdomsbøker, og massemarknadseriar, men forlaget opplevde auke for alle sjangrar. Dei forfattarane som selte flest rettar til utlandet var Roy Jacobsen med romanen Vidunderbarn (10 nye land, selt til 21 land til saman), Erlend Loe med både voksenbøker og Kurt-bøker for barna. Karin Fossums Sejer-serie går framleis godt i utlandet. Og den prisbelønte barnebokforfatteren Stian Hole fikk bøkene sine spreidde til mange land.








