Søyland blir heidersmedlem

Thursday 3. May 2012, kl 1252

Aud Søyland ny heidersmedlem i Litteraturselskapet Det Norske Samlaget

Aud Søyland (fødd 1954) har arbeidd med nynorsk på fleire felt gjennom mange år. Ho har vore sentral i utforminga av ein ny, moderne nynorsk slik han blir brukt av mange i dag. Ho har ikkje vore blant dei som har vore mest synlege i nynorskarbeidet, men gjer ein stor jobb i kulissane. Søyland er ein av dei fremste nynorske omsetjarane i Noreg, har arbeidd med Nynorsk ordliste sidan 80-talet og vore sekretær for rettskrivingsnemnda som utarbeidde ny nynorsk rettskriving (2010–2011).

Aud Søyland er ein av dei fremste nynorske omsetjarane i Noreg i dag, hovudsakleg innanfor faglitteratur. Sidan 1987 har ho arbeidd som frilans språkkonsulent med oppdrag for statsadministrasjon og forlag med språkkurs, språkvask, korrektur, omsetjing frå bokmål, svensk, dansk og engelsk til nynorsk.

I tillegg til arbeidet som språkkonsulent har ho arbeidd med Nynorsk ordliste sidan midten av 80-talet. Saman med Kåre Skadberg tok ho over redaktøransvaret for ordlista i 1999. Søyland var tilsett som konsulent i Norsk språkråd i tre år, før ho flytte til Valdres i 1987. Ho var også sekretær for rettskrivingsnemnda som utarbeidde ny nynorsk rettskriving (2010–2011).

Aud Søyland har vore engasjert i målsaka sidan ungdomsåra. I 1976 var ho leiar i Studentmållaget i Oslo, og i 1981–1982 var ho leiar i Norsk Målungdom. Ho har òg vore medlem av redaksjonen i Mål og Makt. I dag er ho styremedlem og nestleiar i Noregs Mållag. Aud Søyland er initiativtakar til målprosjektet Målstreken i Valdres – eit treårig prosjekt for å finne ut kvifor så mange elevar går over frå nynorsk til bokmål, og for å motivere elevar med nynorsk som hovudmål til å halde på nynorsken.

Som om ikkje dette var nok, har ho vore aktiv i partiet SV i heimkommunen Nord-Aurdal, Valdres Folkemusikklag og Valdres mållag. Ho var ein av initiativtakarane bak Leira grendelag, Internasjonalt kvinneforum, Valdres bokdag og Strunkeveko – eit sommarkurs i folkemusikk for barn og unge. Ho har drive barneleikarring på Leira i mange år, har vore med i kulturstyre, oppvekstutval, kommunestyre og formannskap, har vore styremedlem i Valdresmusea, og er leiar i Vennelaget for Valdres Folkemuseum.

Aud Søyland er cand.philol. frå Universitetet i Oslo (1983), med hovudfag i nordisk språk og litteratur. Søyland bur på Leira, er gift med Bjørn Karsrud, og har tre born.

Andre heidersmedlemmer i Litteraturselskapet: Jon Fosse, Kjartan Fløgstad, Arthur Arntzen og Guri Vesaas.

Del denne artikkelen på:

Skriv en kommentar