Forfatter og lyriker Brit Bildøen er hedret med Samlagsprisen 2011.
Bildøen debuterte med sin første diktsamling i 1991 og har i år 20-årsjubileum som forfatter.
I sin begrunnelse legger juryen vekt på det stilsikre, komplekse og utfordrende i Bildøens forfatterskap: «Ein forfattarskap som også er kjenneteikna av å vere allsidig og overraskande: Bildøen har gitt ut både barnebøker, lettlesbøker, essay, artiklar, dikt, prosa og romanar, og ho har også gjendikta og omsett. Og fellesnemnaren i både dei smale diktsamlingane og dei breie bokklubbøkene er alltid det same: kvalitet. Bildøen har vore med på å prege norsk litteratur dei siste 20 åra, sidan debuten i 1991.»
Juryen roser også Bildøen for hennes innsats som formidler :
«Vi kan ta tak i lysmetaforikken i «Mitt milde vesen» og seie at Bildøen som forfattar og konsulent arbeider med opplysing: Ho er ein folkeopplysar og ein litterær oppdragar. Med essaysamlinga «Litterær Salong» frå 2009 ville Bildøen synleggjere forfattarskapar eller delar av forfattarskapar som ho meinte fortente fleire lesarar eller betre lesingar. Boka rettar fokuset mot kvinnelege forfattarar og den manglande anerkjenninga dei ofte får for arbeidet sitt. Boka fekk stor merksemd i media, Bildøens tema blei drøfta vidare, og i året som følgde, deltok ho i mange intervju og paneldebattar med utgangspunkt i boka si.»
Prisen er på 50.000 kroner og deles ut av Litteraturselskapet Det Norske Samlaget.








