Skal utvikle digitale produkt i Samlaget

mandag 22. mars 2010, kl 1237

bakken nettBjørn Terje Bakken (41) er frå 10. mai tilsett som leiar for digitale medium, IT og produksjon i Det Norske Samlaget.

Han skal leie ei nyoppretta avdeling for utvikling av digitale produkt både for allmenn- og skolemarknaden, og blir ein del av leiargruppa i Samlaget.

Bakken har dei siste ni åra jobba, og vore ein del av leiinga, i Inspera AS. Inspera er eit IT-selskap som sel og utviklar produkt for digital innhaldsproduksjon og publisering. Kundane er i hovudsak norsk forlagsbransje og han har jobba tett med utvikling av digitale læremiddel for Aschehoug m.a.

Stikkord:

Relaterte saker

Del denne artikkelen på:

Skriv en kommentar