Bokhandlarane satsar stadig meir på bestseljarar. Det forverrar situasjonen for småforlaga, og no ropar dei varsku.
- I dei fire åra vi har halde på har bokhandlarleddet lukka seg meir og meir. Det seier Håkon Kolmannskog, sjefredaktør i forlaget Manifest til Klassekampen.
Sidan oppstarten har han og forlaga gjort seg bemerka med utgjevingar av politisk debattlitteratur, «samfunnsengasjerte tekster med venstreprofil», som det heiter på heimesida til forlaget.
- Vi har klart å starte opp og drive eit forlag i ei nisje det er uhyre vanskeleg å lykkast i. Denne typen sakprosa toppar sjeldan bestseljarlistene, og det er sjøkvsagt enda meir utfordrande for debattbøker med venstreprofil. Derfor er vi nøgde med å ha fått så stort gjennomslag og at vi har klart å etablere oss i ein sånn marknad.
Trangare nålauge
Men det Kolmannskog ikkje er så nøgde med, er bokhandlarleddet.
- Eg er ikkje blant dei som klagar og syt over dei fæle bokhandlane. Norske bokhandlarar er kunnskapsrike, profesjonelle og brenn for god litteratur. Men det er ingen tvil om at auka kommersialisering og sentralisering truar denne yrkesstoltheita. Før kunne vi på kort varsel ta kontakt med kjedene, fortelje dei at ein bokaktuell forfattar skulle på tv og forsikre oss om at den aktuelle boka faktisk var å få tak i. Slikt er blitt mykje vanskelegare no.
Kortare liv for bøkene
For parallelt med at forlaga i desse dagar er i ferd med å ferdigstille rekneskapen for 2010, blir søkjelyset enno ein gong retta mot dei tre storforlagas grep om bokhandlarleddet gjennom eigarskapen i Norli, Ark og Tanum. Konkurransetilsynet uttalte i går at dei denne veka blir ferdige med behandlinga av den omdiskuterte fusjonen mellom kjedene Norli og Libris, mens ein i Aftenposten kunne lese ein kronikk av Pantagruels forleggar Alexander Elgurén der han går til angrep på marknadsmakta til dei tre storforlaga.
Håkon Kolmannskog meiner at bokhandlarane lokalt har fått mindre sjølvstende, og at dei på toppen til tider kan verke veldig konservative og utilgjengelege – ei utvikling han meiner også må vere beklageleg for bokhandlarane sjølve.
- At innkjøpa blir sentraliserte og kommersialiserte på denne måten må då gjere noko med bokhandlaranes kjensle av stoltheit? Det framstår som eit fag i ferd med å bli redusert til enda eit ledd i ein stadig raskare bestseljaøkonomi. Og når bokhandlane i større grad enn før behandla bøker som døgnfluer, blir det mykje tøffare å få eksponering. På den måten gir dei bøkene eit altfor kort liv, og gir nesten ikkje lesarane høve til å etterspørje anna enn ferskvare.
Kommersialisering
Kolmannskog fortel at Manifest har registrert ein stadig sterkare konservatisme på innkjøpssida.
- Denne haldninga blir gjenspeila i salstala fordi dei bøkene som blir kjøpte inn, også blir stilte ut i butikkane. Den stadig tydelegare prioriteringa av få og store titlar, gjer at til dømes debattbøker blir mindre etterspurte av lesarane i butikkane.
– Og det er storforlagas maktkonsentrasjon som er å klandre for den innskrenka marknadstilgangen…?
- Eg trur dette handlar meir om generell kommersialisering, enn at kjedene prioriterer utgivevingar frå eigarforlaga. Men fordi dei største forlaga også eig bokhandelkjedene har dei ikkje insitament for å kjempe mot utviklinga, seier han og understrekar at han ikkje trur det manglande mangfaldet handlar om vrangvilje.
- Det er nok heller sånn at det blir stadig vanskeeigare å få merksemd frå dei store kjedene.
Kolmannskog er leiar av Forleggarforeiningas småforlagsutval, og fortel at dei der har gjort nokre grep for at små og mellomstore forlag skal få vist seg fram.
- Ein gong i halvåret arrangerer vi presentasjonsmøter med alle dei store bokhandelkjedene. Det har blitt ein suksess, og noko både forlag og bokhandelkjeder set pris på.








