- Something is rotten in the state of Denmark

Monday 4. June 2012, kl 1249

Sitatet kom til oss då vi las meldinga frå det danske telegrambyrået Ritzau.

Bodskapen frå Ritzau er at kvar sjette bokhandel i Danmark er lagt ned sidan 2008. Så langt i år har 15 butikkar kasta inn handkleet. Utviklinga er dramatisk. Berre dei fire siste åra er heile 62 butikkar lagt ned. Scenarioet er dermed nesten like dystert som i Storbritannia, kor ein av fem er lagt ned dei siste seks åra.

Så ser ein at salet ikkje går ned, men flyttar seg til andre kanalar. Netthandelen aukar. Det same gjer salet gjennom daglegvare og supermarknad. I 2000 handla fire prosent av danskane bøker på matbutikken. I dag gjer 20 prosent av danskane det same.

Kva er så årsaka til denne utviklinga? Den danske fastprisen forsvann i januar 2011. Frå 2001 har danskane dessutan hatt eit frivillig system der bokhandelen ikkje har plikt men rett til å nytte fastpris, om det er ønskjeleg. Liberaliseringa av den danske marknaden er altså ei forklaring, men digitalisering og netthandel høyrer også med.

I utgreiinga frå professorane Rønning & Slaatta som kom tidlegare i år, finst det ein gjennomgang også av dansk bokbransje. Teksten dokumenterer meir supermarknad og meir bestseljeri. Den danske bokas levetid er no nede i tre veker. Fleire av dei frie døyr, og kjedane får stadig større makt. Mange mellomstore danske byar står no utan fysisk bokhandel.

For vår eigen del håpar vi den norske regjeringa får med seg det som skjer i nabolandet. Mens vi ventar på at regjeringa skal bestemme seg for kva som skjer med ei eventuell norsk boklov, kan vi tilrå ein studietur til kongens by. Pengane er vel verdt turen om regjeringsmedlemmene vil studere det ferskaste og næraste døme på kva som skjer med bokbransjen i eit land som innfører frie prisar. Utviklinga er ikkje lystig.

Del denne artikkelen på:

Skriv en kommentar