Spår tidobling av app-salet

tirsdag 1. februar 2011, kl 0837

I fjor blei det selt applikasjonar til mobiltelefonar for 5,2 milliardar kroner på verdsbasis. Om tre år vil talet vere tre gonger høgare, spør analyseselskapet Gartner.

Selskapet meiner marknaden kan vere verdt over 330 milliardar dollar innan tre år.

Ifølgje Gartner blei det lasta ned 8,2 milliarder såkalte appar i fjor, melder bransjebladet Kampanje. I år kjem dette talet til å auke til nesten 18 milliardar, med ein bratt oppgang til 185 milliardar nedlastingar i 2014.

Etterspurnaden etter tilleggsprogram vil bli driven fram av nye lesebrett, og ikkje så mykje av mobiltelefonbrukarane, spår firmaet. Gartner tar med både prisen per nedlasting og reklameinntektene som utviklarane kan rekne med, i si marknadsanalyse.

Tilfeldige saker

Del denne artikkelen på:

Skriv en kommentar