Stieg Larssons sambuar til Skavlan

onsdag 12. januar 2011, kl 1402

Eva Gabrielsson, som var sambuar med svenske Stieg Larsson gjennom mange år, kjem til Skavlan på fredag.

Etter at den svenske suksessforfattaren døydde brått, oppsto det ein forbitra debatt om kven som var rettmessige arving til bøkene han etterlet seg. I strengt juridisk forstand skulle arven tilfalle faren og broren, ettersom Stieg Larsson og Eva Gabrielsson aldri gifta seg.

Stieg Larsson, som døydde i november 2004, er berømt for trilogien med dei to svært ulike hovedpersonane Michael Nyquist og Lisbeth Salander. Dei tre bøkene har selt i 20 millionar kopiar berre i Europa, skriv VG.

Tilfeldige saker

Del denne artikkelen på:

Skriv en kommentar