Stipend til Sigrid Hanssen

onsdag 19. august 2009, kl 1504

Vinnar av Sigmund Skard-stipendet 2009 blei Sigrid Merethe Hanssen. Ho kjem med si andre novellesamling i haust: «Ingen heime».

Sigrid Merethe Hanssen er tildelt Sigmund Skard-stipendet 2009.

Sigrid Merethe Hanssen er tildelt Sigmund Skard-stipendet 2009.

Stipendet er på 25.000 kroner, og går til ein samlagsforfattar som har gitt ut minst éi bok med høg litterær kvalitet dei siste fem åra.

«Sigrid Merethe Hanssen får prisen for det som er starten på ein original, solid og spennande forfattarskap», heiter det i grunngjevinga.

Hanssen debuterte i 2007 med novellesamlinga «Sprang». I årets samling skriv ho om menneske som ikkje kjenner seg heime i sitt eige liv, og som på kvar sin måte tek steget ut frå dei faste rammene.

Stikkord:

Relaterte saker

Del denne artikkelen på:

Skriv en kommentar