Stortinget kan også foreslå boklov

tirsdag 29. mai 2012, kl 0730

Stadig fleire i bokbransjen spør seg no om regjeringa ikkje vil innføre boklov slik dei store kulturlanda i Europa har gjort før oss.

I midten av april gjekk høyringsfristen ut for den siste av rapportane som var bestilt av kulturminister Anniken Huitfeldt.

Eg har lest gjennom meir enn femti høyringssvar, og kan konstatere at det berre er to instansar som er mot ei slik lov, nemleg Konkurransetilsynet og Forbrukarrådet.

Det er sjeldan ein ser eit så samrøystes svar frå ein bransje når regjeringa ber om råd. Bransjen vil altså ha boklov med fastpris som kjerne. Frå før er det kjent at det truleg er fleirtal på Stortinget for ei slik lov.

No har kulturminister Anniken Huitfeldt ruga på denne saka i over eitt år utan å seie eit pip. Sjølv har eg arbeidd fem år i regjeringskvartalet som rådgjevar for tre statsrådar. Inntrykket av ein handlingslamma fagstatsråd blir stadig sterkare.

Dersom kulturminister Anniken Huitfeldt er for svak politisk til å kjempe gjennom ei slik lov, er det fullt mogleg for dei andre partia å fremje eit representantforslag (omtalt som dokument 8-forslag) i Stortinget. Kulturdepartementet må då svare på dette framlegget, og saka går til komiteen.

Dette kan vere ein mogleg veg i ein situasjon der kulturministeren tilsynelatande ikkje klarar å få saka ut av daudvatnet, og vinne fram i regjeringa. Hadde ho hatt vind i segla her, hadde nok signala vore ute i media for lengst.

Del denne artikkelen på:

Skriv en kommentar