Over helga skal e-boka lanserast.
Den vestlege verda står midt i ein teknologisk revolusjon. Platebransjen har lengte følt digitaliseringa på kroppen, og no er det også vår tur. Utan samanlikning elles gjekk det heller ikkje smertefritt føre seg då dei første dampskipa entra norske farvatn. Seglmakarane likte ikkje det dei såg, og heile dette skiftet er livaktig skildra av Johan Bojer i romanen Den siste viking. Under slaget i Trollfjorden i Vesterålen stod dei som rodde tradisjonelt opp mot dei dampdrivne notbåtane med handelsmann Ole J. Kaarbø i spissen. I dag er både damp og segl historie på Vestfjorden.
Det er mykje å seie om slike skifter, og vi har med interesse følgd debatten om e-boka i norske aviser den siste tida. Det som slår oss aller mest er den grinete dekninga Aftenposten har levert under oppkøyringa til lanseringa av e-boka komande måndag.
I artikkel etter artikkel har avisa fortalt oss om alt som er gale med Bokskya, som skal vere heimen til alle e-bøkene. Sjeldan eller aldri har avisa tatt seg bryet med å fortelje lesarane kva som faktisk ligg i denne etableringa. På oss verkar det som om Aftenposten i all sin iver etter å drive kritisk journalistikk har gløymt det vesentlege med denne saka, nemleg at no får dette vesle landet omsider ei samla teknisk løysing som gjer det mogleg for folk å kjøpe norske e-bøker frå fleire forlag på ein stad.
Vi meiner det prisverdig at dei store aktørane i norsk bokbransje har tatt grep for å demme opp for dei meir aggressive internasjonale tilbydarane som Apple, Google og Amazon. Vi registrerer også at omsynet til norsk språk og kultur har vore ei viktig side ved denne satsinga. Så forstår også vi at sjøsettinga av e-boka blir ufullstendig grunna manglande avtaleverk og diskusjonar om pris. Det er rett at det som skulle vere den store lanseringa av den norske e-boka blir noko haltande, men desse manglane er likevel ikkje til hinder for at vi er glade for at det faktisk skjer. Vi meiner det er flott at samarbeidsprosjektet om e-boka endeleg er her, og nyttar høvet til å gratulere Edmund Austigard og dei andre i Den norske Bokdatabasen med godt utført arbeid så langt.









