Synsing om boklov

Tuesday 10. April 2012, kl 1042

I norske aviser står den eine marknadsfundamentalisten etter den andre fram med påstand om at fripris på bøker er meir framtidsretta enn fastpris.

Det er i og for seg eit respektabelt standpunkt som vi ikkje skal polemisere mot i denne omgang. Det som likevel slår ein med alle desse utspela er fråveret av empiri. Dersom fripris er eit betre val for norsk litteratur, vil vi gjerne sjå fakta som understøttar påstanden. Kva bygger dei dette synet på?

Både utgreiinga frå Oslo Economics i desember og den professorale frå Universitet i Oslo nyleg, konkluderer med at dei statlege støtteordningane har vore bra både for bransje og lesar. Støtteordingane blir haldne fram som hovudforklaringa på kvifor nordmenn les flest bøker per capita i verdssamanheng. Når det gjeld spørsmål om boklov og pris, slår professorane frå universitetet fast følgjande:

“Våre analyser viser at land med boklover ikke har priser som gjennomsnittlig er høyere enn i land med frie priser”.

Dersom ein meiner denne påstanden er feil, er det eit rimeleg krav at ein kan vise til undersøkingar som underbygger det. I staden kjem det påstand på påstand om både kartell og lovstridig prissamarbeid. Moralen så langt frå dei som er imot fastpris, synest å vere at fordi bransjen er samd om dette, tar bransjen feil. Dette er ein type logikk som ville imponert sjølvaste Erasmus Montanus.

Sist ut er Ole Gjems-Onstad, som er BI-professor i skatterett. Utan å belegge påstandane sine kom han med følgande påstand i Dagens Næringsliv like før påske:

“- Norske bokpriser er i ferd med å bli en verden for seg. Undertiden kan man betale 1000 prosent mer for samme boken på norsk fremfor å skaffe den på engelsk til et lesebrett. ”

Sic! Tusen prosent meir altså.

Så langt vi forstår kokar denne irrasjonelle motstanden ned til eit spørsmål om eiga lommebok. Det er ein nedslåande observasjon. Det blir som i Amerika der Obama neppe blir gjenvalt om bensinprisen går over 4 dollar.

Del denne artikkelen på:

2 kommentarer til «Synsing om boklov»

  1. Ole-Martin says:

    Se for eksempel boken Hunger Games av Suzanne Collins, den koster $5 på Amazon Kindle. Det tilsvarer 28.75 norske kroner.

    Hos Bokkilden koster denne boken 286,- norske kroner. Ok, så er kanskje 1000% feil, det korrekte for denne boken er 994%..

  2. Petter Rognlien says:

    På Digitalbok.no fås da norske bestselgere til 45 kroner og 79 kroner.

    http://www.digitalbok.no/

Skriv en kommentar