Terror mot frie ord

tirsdag 8. februar 2011, kl 1447

Denne våren kjem Tavshedens tyranni på norsk.

Ei legende frå mellomalderen fortel om ein reisande som møtte Frykt og Pest som var på veg til London med planar om å ta livet av 10.000 menneske. Reisekaren spurte om Pesten skulle gjennomføre alle drapa sjølv:

- Det har eg ikkje kapasitet til, svara Pesten. – Eg klarer nok berre å ta livet av nokre få hundre. Venen min Frykt, vil drepe resten.

Denne våren kjem Tavshedens tyranni på norsk, utgitt av Cappelen Damm. Forfattar er den tidlegare kulturredaktøren i Jyllands-Posten, Flemming Rose. Eit viktig poeng i boka er den mykje omtalte krenkingsfundamentalismen mange muslimar fører i marka når folk ytrar seg om islam.

Bok & samfunn har vore i København og snakka både med den danske forleggaren og forfattaren. Intervjuet står på trykk i siste nummer av papirutgåva vår. Boka Flemming Rose har skrive reiser heilt grunnleggande spørsmål om retten til å tenke, teikne og ytre seg fritt i eit moderne samfunn. Dette er også grunnen til at vi gir honnør til Cappelen Damm som sørgjer for at boka no kjem på norsk. Samstundes blir det interessant å sjå om forlaget i Akersgata trykkjer Muhammed-teikningane også i den norske utgåva. Det meiner vi dei bør. DagenMagazinet gjorde det allereie i januar 2006, og i fjor vinter gjorde Aftenposten det same.

Vi tilhøyrer ikkje dei som sidestiller politisk islam eller islamisme med nazisme og kommunisme. Vi har mykje godt å seie både om islam og dedikerte muslimar, og heilt sikkert mykje å lære både av andre folkeslag og religionar. Likevel er det tvillaust at den politiske versjonen av islam har totalitære trekk som er problematiske for ein liberal rettsstat som den norske. Vi tenkjer til dømes på rettane til kvinner, situasjonen for homofile og det spesielle ansvaret eit kvart demokrati har for eigne og andres minoritetar. Den islamske sharia-lova som mange arabiske land praktiserer, er på kollisjonskurs med ein moderne sekulær livsstil. Det bør vere nok å vise til Saudi-Arabia som praktiserer dødsstraff for homofili og nektar kvinner å røyste ved val. Det er særleg denne ytterleggåande saudiske varianten av islam som har fått feste blant muslimsk ungdom i Vesten. Alt dette er sider ved islam vi må kunne diskutere utan å bli trua med bomber og granatar.

Vi ser fram til eit godt offentleg ordskifte når Tavshedens tyranni kjem på norsk denne våren, og stiller oss meir enn gjerne bak generalsekretær Per Edgar Kokkvold i Norsk Presseforbund, når han seier at ytringsfridom er basisen for vår måte å leve på, og ikkje noko vi kan forhandle bort eller bygge bru over.

Tilfeldige saker

Del denne artikkelen på:

Skriv en kommentar