Norli og Libris trur framleis på fusjon etter at Konkurransetilsynet sette ned foten i går kveld.
Dei to selskapa har sendt ut denne felles pressemeldinga:
- Vi meiner framleis at Konkurransetilsynet bør godkjenne den planlagte fusjonen mellom bokhandlerkjedene Norli og Libris. Det seier administrerande direktør Nils Sund i Norli Gruppen og Morten Aas i Libris.
Konkurransetilsynet varsla i går om at det kan bli aktuelt å gripe inn mot fusjonen. Etter tilsynets oppfatning blir konkurransen redusert i åtte lokale marknadar dersom fusjonen blir gjennomført. Norli og Libris har i dag 178 bokhandlarar i Norge.
Vi har hatt ein konstruktiv dialog med Konkurransetilsynet etter førehandsmeldinga vår blei 28. oktober i fjor. Denne dialogen vil no ghalde fram. Dette er et komplisert materiale, og vi har forståing for at tilsynet ikkje tidlegare har kunne presentere for oss dei innvendingane dei ser ved ei samanslåing, seier Nils Sund.
Vi vil i tida fram til tilsynet skal fatte eit endeleg vedtak i saka, vurdere dei innvendingane tilsynet har kome med, og sjå på kva tiltak som skal iverksetjast.
Konkurransesituasjonen og den låge lønsemda i bokhandelsbransjen nødvendiggjer ei konsolidering. Skal den tradisjonelle bokhandelen kunne gje eit enda betre tilbod til kundane i fremtida, må det leggast til rette for meir kostnadseffektiv drift. Ei samanslåing mellom Norli og Libris vil derfor vere til glede både for kundane og forfattarane.
Vi registrerer at tilsynet ikkje har lagt vekt på den totale marknadsdelen i Noreg og forheld oss til at dei peikar på åtte lokalmarknadar som vi no vurderer nærare, seier Morten Aas i Libris.
Etter konkurranselova har selskapa 15 verkedager på å kommentere varselet frå tilsynet. Tilsynet har etter dette 15 verkedagar på seg til å treffe endeleg vedtak i saka.








