Trur på boklov i 2014

torsdag 20. oktober 2011, kl 1127

Stortingspolitikar Gunn Karin Gjul (Ap), som lanserte forslaget om boklov i februar i år, håpar lova kan vere på plass i 2014-2015.

Som komiteleiar for kulturkomiteen på Stortinget er Gjul ingen kven som helst i norsk kulturliv. Spørsmålet om boklov er no til utgreiing i regi av Kulturdepartementet og Kunnskapsdepartementet. På Stortinget er det fleirtal for ei slik lov.

- Men kampen er ikkje over, seier Gjul til Norsk faglitterær forfattar- og oversetjarforeining på nett.

Gjul meiner ei slik lov må innehalde ei tydeleg marknadsregulering av heile bokbransjen og eigarstrukturen.

- Dette er ein viktig føresetnad for ei slik lov. Får ein unntak frå konkurranselova, må ein ha eit gjennomsiktig system. Det vil vere naturleg å regulere både marknaden og bransjen. I Tyskland er dette nedfelt i ei eiga boklov, seier Gjul.

Tilfeldige saker

Del denne artikkelen på:

Skriv en kommentar