Skald forlag gir i vår ut «Liten-på-jord-Tor» av tyske Annette Huber, ei av mange bøker som er omsett frå tysk til norsk.
Skald forlag gir i vår ut «Liten-på-jord-Tor» av tyske Annette Huber, ei av mange bøker som er omsett frå tysk til norsk.
Den tyske barneboka med originaltittel «Der 99 Zentimeter-Peter» trekte forlagsredaktør Simone Stibbe si merksemd på grunn av at illustratøren Manuela Olten har valt ein utradisjonell illustrasjonsstil som viser verda sett frå barna sitt perspektiv, nemleg frå ei høgd på under ein meter.
- Eg kikkar nok spesielt etter barnebøker når eg er heime og ser at mange uoppdaga skattar ligg gøymd i bokhandlarane der. Dei største suksessane vert gjerne fanga opp på bokmesser og gjennom agentar, men det er ein haug av fantastiske små perler som ikkje så lett når fram, fortel Stibbe.
Tyske Simone Stibbe har sidan starten i 2004 bygd opp forlaget sin suksessfulle barnebokprofil og undervegs plukka opp fleire bøker frå heimlandet.
I «Liten-på-jord-Tor» kan barna kjenne att sin kvardag, og dei vaksne lesarane får sjå verda gjennom deira auge. Biletboka er humoristisk og original og tek opp forskjellane mellom store og små, meiner forlaget.









