Biblioteket er først ute med å velje e-bøker i staden for papirbøker.
- Vi ser at studentane og forskarane først og fremst vil ha ting kjapt og tilgjengeleg når dei arbeider. E-bøker har mange fordelar som gjer at vi no satsar stort på dette formatet. Satsinga passar også godt inn i Universitetets satsinga eCampus for fleksibel læring. E-bøkene er enkle å formidle og lette å forvalte, seier bibliotekdirektør Helge Salvesen.
Salvesen seier til bladet Tromsø at vedtaket om å velje e-bøker i staden for trykte bøker, er eit historisk vedtak.
- UB er det første biblioteket i landet som tar dette steget, seier han.
Ifølgje Salvesen er fordelane med e-bøker, kontra papirbøker, at e-bøkene er tilgjengelege på nett via Bibsys. Her vil dei vere tilgjengelege heile døgnet og vil aldri vere lånte ut. I tillegg er som oftast heile boka søkbar.
- Trenden hos brukarane tilseier at e-bøker blir dominerande i akademisk sektor. Difor meiner vi at dette er ei viktig og riktig satsing, seier han.








