Anna Gavalda kjem med ein ny roman på norsk i vår. Den har arbeidstittelen «Eit lite sprell», og skal vere klar for utgjeving i mai. I den nye romanen tar Gavalda igjen for seg vennskap og familieforhold, men i eit mindre format.

Anna Gavalda kjem med ny bok i vår. Samstundes kjem den forrige romanen, Lykka er ein sjeldan fugl, i pocket.
Boka, som er på ca 150 sider, er ifølge forlaget ein hyllest til gode søskenrelasjonar, til irriterande småsystrer, til smørsongaren Dario Moreno, til lokale Loire-vinar og til Pidoune-bakeriet.
Den amerikanske forfattaren Paula Fox ga ut «Desperate Characters» i 1970, men boka er sidan gjeve ut på nytt. No kjem romanen på norsk, omsett av Tove Bakke, som også omset Gavalda. I «Desperate personar» møter vi Otto og Sophie Bentwood som bur i eit renovert rekkjehus i Brooklyn. I hylla har dei Goethes samla verk, dei har fått installert eit nytt rustfritt stålkjøken, og Mercedesen står parkert utanfor. Etter at Sophie blir bite i handa mens ho prøver å mate den utsvoltne nabolagskatten, begynner ei rekke små og illevarslande ulykker å heimsøke livet deira. Gradvis avslører dette svakheitene og brestene i eit ekteskap – og eit samfunn – som er i ferd med å falle frå einannan.
I «50/50» er 50 av Frode Gryttens tekstar samla. Dei handlar om oppvekst, om Odda, om fotball, film, musikk og litteratur, her er samfunnskritikk, reiseskildringar og skjønnlitterære stykke. Forfattaren kommenterer sine eigne tekstar og Mattis Øybø har skrive eit etterord.
Jan Roar Leikvoll fekk stor merksemd for debutboka «Eit vintereventyr», og med si andre bok, «Fiolinane», viser han seg ifølge forlaget nok ein gong som ein original forteljar som tør å gå eigne vegar. I ruinane av eit samfunn, der det er den sterkastes rett som gjeld, følgjer vi ein ung mann i hans kamp for å overleve. Storesystera er død, veslesystera ligg for døden, og han sjølv har begynt å kjenne eit punkt på ryggen der sola brenn ekstra sterk. Den unge mannen kjenner seg einsam og søker ly hos sitt faste haldepunkt i tilveret: bestefaren, fiolinisten som bur på eit høgdedrag eit stykke unna familien og flokken deira.
Den færøyske forfattaren Carl Johan Jensen blir for første gong omsett til norsk med «U-historier om djevelskap». Boka blir karakterisert som eit mektig epos og dristig, eksperimentell litteratur. Det har i seg både færøysk og europeisk historie, dokumentar og fiksjon, kvardagsspråk og absurd surrealisme. Boka er omsett til norsk av Lars Moa.
Einar Økland fyller 70 år og blir hylla med eit 70-årsfestskrift, redigert av Kjartan Fløgstad, Sverre Tusvik og Jorunn Veiteberg. Det kjem også ut to bøker av Økland: «Fablar og forteljingar frå andre tider» og «Vandreduene».
Sakprosa
Journalistane Olav Garvik og Olav Kobbeltveit er i innspurten på å skrive eit portrett av Lars Sponheim. Gjennom ei rad med intervju med sentrale medarbeidarar, statsrådskollegaer, politiske venner og motstandarar, får vi ein nærgåande analyse av ein fargerik, egosentrisk og tidvis brutal politikar.
I «Det femte monarki og andre essay» utforskar filosofiprofessor Jon Hellesnes ulike fenomen i vår eiga samtid, som luftslotta i politikken, bullshit, løgn og sanning. Med humor og ironi går han til åtak mot dumskapen, stiller spørsmål ved vedtekne sanningar og forsvarar det mangetydige.
Årboka «Litteratur for barn og unge 2010» er redigert av Per Olav Kaldestad og Karin Beate Vold og inneheld artiklar om eldre og nyare barnelitteratur, med bidrag av litteraturforskarar, kritikarar og forfattarar. Årets forfattarportrett er av Rune Belsvik.
Aasmund Olavsson Vinjes «Ferdaminni fraa Sumaren 1860» kjem i ny utgåve i samband med at det er 150 år sidan Vinje gjorde den legendariske reisa. Kjartan Fløgstad, Jon Haarberg og Jon Severud har skrive innleiing til utgåva.
Samstundes kjem Jon Severud med «Ei gjenreise», der han i detalj og med relevante omvegar har gått opp spora etter «Dølen».
Gro Skartveit har skrive «Den usynlege smerta», der ho skriv om kva rus gjer med dei pårørande til den avhengige. Boka inneheld personlege forteljingar frå pårørande Skartveit har møtt, og konkrete råd til sjølvhjelp for dei som står rundt den avhengige. Gro Skartveit har i mange år vore leiar av Veiledningssenteret for pårørande i Sandnes, og har lang erfaring frå rusomsorg.
Barne- og ungdomsbøker
Kari Stai debuterte med bildeboka «Jakob og Neikob», som ho vann Kulturdepartementets debutantpris for. No er ho tilbake med ei ny bok som har fått tittelen «Blodrik og blodfabrikken», som er ei bok om vennskap, oppfinnarevne og kruttsterk ketsjup.
Torvald Sund frå Levanger har ein lang og variert forfattarskap bak seg, og i vår kjem han med ei bok om kjærleik på tvers av bakgrunn og familie. I «Dans stille før stormen» møter vi Julie som har øvd som ein gal for å klare opptaksprøvene til ballettskolen i London. Ein ettermiddag rett før ho skal reise, tar ho ein pause i dansinga for å vere med kjærasten ut i sjarken hans. Dei går i land på skjera, men brått blir idyllen brutt av ei ulykke. Julie må sette livet og dansen på spill for å redde den unge fiskaren ho elskar.
Tor Arve Røssland har skrive grøssarforteljinga «Svarte Mathilda». Ei ung jente blir funnen knivdrepen i heimen sin. Mordet blir aldri oppklart, og leilegheita som var åstaden for mordet blir ståande tom i 20 år. Når Elisabeth flyttar inn, tar det ikkje lange tida før ho ser ting foreldra ikkje ser, og høyrer kviskring foreldra ikkje høyrer. Elisabeth begynner å grave i historia til drapet, med god hjelp av den nye klassekameraten Philip og bibliotekaren Viggo. Dei kjem over legenda om den demoniske Svarte Mathilda som gøymer seg i ein spegel og som kjem dersom du ropar på henne.
Magnhild Bruheim kjem med ein ny spenningsroman som har fått tittelen «På flukt». Dette er den tredje boka i serien om Bente og Kami.
Les heile vårlista til Samlaget som PDF her.
Stikkord: Vårlister












