Vårliste Skald forlag

onsdag 24. februar 2010, kl 0851

Vestlandsforlaget Skald byr på morosame sommarminner, hekseprosessar frå Finnmark, hagehjelp for fruktdyrkaren, praktbok om Årdal og barnebøker om kjærleik og barske gutar.

aardalKristian Finborud gjorde stor suksess med humorboka «Det norske skieventyret». I oppfølgjaren «Sommer på norsk» tek han for seg nordmenn sine forventningar til den perfekte sommaren – lang, varm og utan ein familiekrangel i sikte. 


Kristian Finborud (f. 1964) kjem frå Porsgrunn, men er busett på Voss der han jobbar som kunstnar.

Desto dystrare tema kan ein lese om i «Trolldomsprosesser» av Liv Willumsen. Forfattaren har samla rettsdokumenta frå hekseprosessane i Finnmark på 1600-tallet. Av kun 3000 innbyggjarar vart 135 menneske stilt for retten, tiltalt for å stå i ledtog med djevelen. Boka kjem også i engelsk utgåve og blir eit unikt historisk dokument. Det er tidlegare ikkje utgitt noko tilsvarande i Europa. ifølge forlaget. 


Eit anna historisk dokument blir praktboka «Årdal– kamp, krefter, kunnskap», utgitt i samband med kommunen si 150-årsmarkering. Boka har særleg fokus på framveksten av storindustrien i bygda, og korleis hjørnesteinbedrifta har farga heile lokalsamfunnet. 


I mai kjem «Frukt- og bærboka» (foreløpig tittel) av landbruksrådgjevar Olav Sørum. Boka har eit rikhaldig fotomateriale som syner nytte- og skadedyr på frukttre og bær. 


«Forelska» vart kåra til årets barnebok i Frankrike i 2003 og handlar om forelsking og kjærleik sett frå barna sin ståstad. Kva betyr det å vera forelska, og kvifor snakkar alle om det?

I mai gir forlaget ut to barnebøker av Manuela Olten, forfattaren av «Liten-på-jord-Tor». «Bestevenner» handlar om to gode vener som kranglar, og i «Ekte mannfolk» fortel Olten om bråkete og tøffe gutar som kanskje ikkje er så tøffe likevel?

Stikkord:

Relaterte saker

Del denne artikkelen på:

Skriv en kommentar