Verdikamp og blasfemi

fredag 18. mars 2011, kl 1120

Ein biografi om grunnleggaren av islam er for første gong ute på norsk.

Aftenpostens Moskva-korrespondent Halvor Tjønn er ein modig mann. No er han ute med boka Muhammed, som er historia om korleis dei eldste arabiske historikarane framstilte religionsstiftaren og profeten Muhammed. Bok & samfunn er kjende med at ikkje alle i forlagsbransjen meiner det er ein god idé å gje ut denne boka. Det blir vist til striden omkring Muhammed-karikaturane, og argumentert med at ein ikkje skal krenke profeten. Kanskje var dette også årsaka då Adresseavisa sist haust makulerte eit helgeopplag på 90.000 kopiar grunna ei teikning med referansar til denne striden?

I dette farvatnet er det ikkje lett å navigere, og det er mange omsyn som må takast. I internasjonal presse les vi at det går føre seg ein verdikamp i FN der sterke krefter vil forby religionskritikk og styrke blasfemiparagrafen. I Pakistan måtte ein kristen guvernør bøte med livet i januar fordi han opent argumenterte mot ei slik lov. Guvernør Salman Taseer vart drepen av si eiga livvakt fordi han var motstandar av eit forslag til ny lov som opnar for dødsstraff for dei som fornærmar islam, koranen eller profeten Muhammed. Vi minner også om den kristne pakistanske kvinna Asia Bibi som er dømd til døden ved henging fordi ho skal ha krenka profeten under ein krangel med naboen. Dersom avrettinga blir gjennomført, vil dette vere første gongen styresmaktene i Pakistan tar livet av ein av innbyggarane sine grunna blasfemi.

Pakistan er tilsynelatande langt unna om ein ser på verdskartet, men også i Skandinavia merkar vi dette fenomenet. Etter sjølvmordsaksjonen i Stockholm før jul har det kome fram at bakmennene meinte det var “på tide å slå til” fordi profeten Muhammed blei fornedra. Så langt om krenking av profeten og diskusjonen om blasfemi.

For oss er det viktig å forsvare retten til å ytre seg fritt, men vi tar avstand frå dei som støttar uttalene frå den tyske innanriksministeren Hans-Peter Friedrich, når han seier at muslimar ikkje høyrer heime i Tyskland (eller Europa), fordi religionen ikkje har røter i den lange kristne historia og levesetet i landet. Vi meiner dette er å fornærme muslimske minoritetar, og at Friedrich har skjemt seg ut internasjonalt. At dette i tillegg kjem frå ein tysk statsråd, kan få det til å gå kaldt nedover ryggen på nokon kvar.

Det som derimot er viktig å støtte opp under, er den lange kritiske tradisjonen Europa med rette skal vere stolt over. Dei siste 250 åra har kristendommen vore utsett for vedvarande forsking og kritikk. Vi meiner dei same kritiske vurderingane må gjelde for alle andre religionar, inklusiv islam. Det er i dette perspektivet vi meiner Dreyers Forlag og forfattar Halvor Tjønn har levert eit godt bidrag til eit opplyst ordskifte om grunnleggaren av ein av verdas største religionar.

Tilfeldige saker

Del denne artikkelen på:

Én kommentar til «Verdikamp og blasfemi»

  1. A.K torheim sier:

    Ein solid&god kommentar til denne bokutgjevinga!
    Og det på smidig nynorsk. Gledeleg!

Skriv en kommentar