Vigmostad & Bjørke kjøper halve Haugen Bok

onsdag 6. april 2011, kl 0718

Vigmostad & Bjørke kjøper halve Haugen Bok, som er landets største nettbokhandel.

Arno Vigmostad (t.v.) og Arnstein Bjørke utfordrar dei store forlagshusa i Oslo. Foto:Helge Skodvin

Forlagshuset Vigmostad & Bjørke blir med det ein viktig konkurrent til dei tre store forlagshusa Aschehoug, Gyldendal og Cappelen Damm, som alle har base i Oslo.

- Når ein får tilbod om å bli medeigar i eit så solid firma, er det vanskeleg å seie nei. Det er Arnstein Bjørke som seier dette til Bok & samfunn. Bjørke blir ny styreleiar i Haugen Bok.

- Kva var prisen?
- Haugen Bok er ei god og attraktiv bedrift. Slike får ein ikkje på billegsal.

- Du vil ikkje ut med prisen?

- Nei, men vi er glade for at vi no er inne på eigarsida.

- Kva synergiar ser du føre deg?

- Hovudsakleg på IT-kompetanse og web.

Vigmostad & Bjørke er landets femte største forlag, starta i 1990 av dei to NHH-studentane Arnstein Bjørke og Arno Vigmostad. I dag har dei meir enn 100 tilsette, og ein omsetnad på 200 millionar, som er nesten det dobbelte av tala for Haugen Bok. Dei to gründerane eig mellom anna tradisjonsrike Eide forlag og det litt nyare Fagbokforlaget, samt Forlagshuset Vigmostad & Bjørke.

Når det gjeld sunnmøringen Haugen Bok så har selskapet vore i familiens eige sidan 1929. I dag er den fysiske bokhandelen nedlagt. No driv dei 18 tilsette i Volda berre med nettsal. Haugen Bok har vore landets leiande nettbokhandel sidan starten i 1997.

Føremålet med partnarskapen er å sikre og vidareutvikle Haugenbok.no sin posisjon som den største og raskaste nettbokhandelen i landet, melder Haugen Bok i ei pressemelding.

Tilfeldige saker

Del denne artikkelen på:

Skriv en kommentar