Vil lage ny bokfest

onsdag 30. mars 2011, kl 0857

Med Snåsamannen og Karl Ove Knausgård som store trekkplaster blei den første utgåva av Oslo bokfestival sist haust ein stor suksess. No er planane for årets bokfest godt i gang.

- Knausgård er invitert, stadfestar styreleiar i Oslo bokfestival, Elisabeth Steen, til NTB. Steen kjenner forfattaren godt ettersom ho også er marknadssjef i Forlaget Oktober, som gir ut Knausgård.

- Blir han bokaktuell til sommaren med sjette og avsluttande bok i «Min kamp»-serien?

- Vi håpar jo det. Men vi må først og fremst gje han ro og fred til å skrive ferdig dette store romanverket. Så nei, vi ligg ikkje på telefonen til han og masar og stressar. Boka kjem når ho kjem. Men alle gler seg sjølvsagt til å få sjette bok på plass. Eg gler meg ikkje minst til å kunne fortelje lesarane at no kjem ho – her er datoen! Eg håpar og trur at boka er ute under Oslo bokfestival som skal vere i tidsrommet 16. til 18. september.

Hysterisk
I fjor var det mykje av eit eksperiment då heile bokbransjen allierte seg og arrangerte Oslo bokfestival for første gong.

- Vi drøymde om å gjere noko stort, noko som er større enn ei bokmesse. Og dermed begynte planane med å få på plass både Bokhandlarforeininga og Forleggarforeininga som arrangør. Fleire enn 120.000 publikummarar besøkte «jomfrufestivalen» i fjor.

- Vår idé var å lage ein bokfest som verkeleg fekk det til å myldre i byen. Det klarte vi. Også i år er planen å stenge heile Karl Johan og sette opp eit enormt boktelt der folk kan kjøpe bøker, sjå på bøker og møte forfattarar. Scener skal setjast opp i Operaen og Spikersuppa, samstundes som det går føre seg små og store arrangement hos forlaga og rundt omkring på kafear og hos bokhandlane i heile byen. Det er faktisk eit ganske enormt maskineri skal opp å gå.

- Måtte du tenke deg om før du sa ja til å vere styreleiar for dette prosjektet?

- Ja, litt. Det er ein stor jobb. Men eg har alltid syns at slike prosjekt er veldig morosame. Ho seier fjorårets Knausgård-hysteri under festivale var ei mororsam erfaring å ha med seg.

- Eg var med han heile den dagen under festivalen, og det var hysterisk! Men også veldig, veldig moro.

Ari Behn og Sofi Oksanen
Forfattarar som Jan Guillou, Gert Nygårdshaug, Ari Behn, Cecilie Løveid, Maria Fiorato, Sofi Oksanen og Tore Renberg er alleiede på plakaten til årets utgave av bokfestivitasen.
Behn skal snakke om skodespelet sitt, mens Guillou kjem med første bok i ein ny serie han arbeider med. Tore Renberg på si side blir aktuell med ny Jarle Klepp-roman til hausten.

Tilfeldige saker

Del denne artikkelen på:

Skriv en kommentar