Gjenopptakinsgkommisjonen har sagt sitt: Treholtsaka blir ikkje gjenopptatt. POT-etterforskar vurderer søksmål.
Bransjebladet Kampanje på nett melder i ettermiddag at tidlegare POT-etterforskar Leif Karsten Hansen vurderer rettslege steg mot forfattarane av boka som gjorde at Gjenopptakingskommisjonen tok saka.
I boka «Forfalskningen – politiets løgn i Treholt-saken», som kom ut 9. september, hevdar forfattarane Geir Selvik Malthe-Sørenssen og Kjetil Bortelid Mæland at pengebeviset er forfalska og at bileta av Treholts koffert er tekne i ettertid. Bokutgjevinga og mediestormen etterpå førte til at Gjenopptakingskommisjonen starta ny utgreiing i saka, berre to år etter at kommisjonen hadde sagt nei til gjenopptaking.
- Vi har vurdert å gå til sak mot forfattarane av den boka som kom ut i haust, kor det blir påstått at vi har forfalska bevis. Dette er det primære, og så får vi sjå kva det kan bli snakk om mot aviser og eventuelle tv-kanaler seinare. Men det er primært boka, fordi dei andre har brukt boka som utgangspunkt, sa tidlegare POT-etterforskar Leif Karsten Hansen til NRK i fjor haust.
Eigaren av forlaget Publicom, Kjetil Kristoffersen, som gav ut boka, seier til Kampanje at han tvilar på at det blir rettssak.








